Annonse

Bønder ringjer Bondelagets krisetelefon

Mange bønder tar no kontakt med Bondelagets krisetelefon fordi dei er bekymra for skadane som følgje av tørken.

- Det er ganske godt trykk på telefonen no i forhold til vanleg, seier Halle Arnes, fagkoordinator for HMS i Norsk Landbruksrådgiving, til P4.

Den verste tørkesommaren sidan 1947 har ramma bønder over heile Sør-Noreg. Fleire fryktar masseslakt av besetning fordi dei ikkje har nok fôr til dyra sine når vinteren kjem.

Norsk Landbruksrådgivings HMS-rådgivarar er tilgjengelege på telefon og e-post kvar dag i sommarferien.

- Fleire bønder fortel at dei har netter med dårleg søvn. Alle bønder har eit tett forhold til dyra sine, dei har tatt vare på dei sidan dei var små og fora dei opp, fortel Arnes.

Ifølgje rådgivaren opplever fleire no framtida til garden som usikker, noko som er svært tøft å takle.

- Dette er eit rent økonomisk tap for bonden, seier Arnes.

(©NPK)

Fleire bønder ringjer Bondelagets krisetelefon, og er bekymra for konsekvensar av tørken som herjar i Sør-Noreg. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix