Bortført svensk kvinne funnen død i Kongo

Lika av to personar som blei bortførte i Kongo medan dei var på jobb for FN, blant dei ei svensk kvinne, er funne i Kasai-regionen, ifølgje ein minister.

- Eg kan bekrefte at politiet har funne ein kongolesar og to utanlandske personar som er døde, sa Kongos kommunikasjonsminister Lambert Mende tysdag.

Kort tid seinare stadfesta Mende overfor nyheitsbyrået AFP at utlendingane var dei sakna FN-ekspertane. Han seier ein av dei drepne hadde fått hovudet skore av.

Begge to blei funne i ei grunn massegrav, ifølgje Mende.

Den svenske kvinna forsvann saman med sin amerikanske kollega og fire kongolesarar, blant dei ein tolk og sjåfør, den 12. mars.

Undersøkte menneskrettsbrudd

Dei to FN-ekspertane undersøkte skuldingar om vald og omfattande menneskerettsbrot gjort av den kongolesiske hæren og militsgrupper. Kongolesiske styresmakter har tidlegare sagt at dei to blei bortførte av ukjente opprørarar.

Det er første gong at FN-ekspertar har forsvunnen i Kongo, ifølgje Human Rights Watch.

Dei avdøde har enno ikkje blitt formelt identifiserte, men ifølgje Mende er det ingen andre utlendingar som har forsvunnen i området.

39 politifolk drepe

Deler av Kongo, spesielt aust i landet, har opplevd vald, samanstøytar og krigshandlingar i fleire tiår. Valden i Kasai-provinsen representerer ei ny utviding av dei mange konfliktane som herjar området.

Militsen Kamwina Nsapu har sidan i fjor kjempa mot regjeringsstyrkar i område. Valden er blitt verre etter at sikkerheitsstyrkar drap leiaren for militsgruppa i august. Over 400 personar er drepne og over 200.000 drivne på flukt sidan då.

Fredag blei 39 politimenn drepne i eit bakhaldsangrep ved ein landsby i området. Alle blei gravlagde i ei massegrav.

(©NPK)