Brækhus møter russar i Moskva

Cecilia Brækhus er klar for ny storkamp. Ho set sine fem VM-belte på spel mot Inna Sagajdakovskaja i Moskva 21. juli.

Det vart klart på ein pressekonferanse i den russiske hovudstaden måndag formiddag.

Cecilia Brækhus er stadig utan tap på sine 33 proffkampar. Sist vann ho på poeng mot Kali Reis i ein dramatisk kamp i Los Angeles i mai.

Den norske 36-åringen er tittelhaldar i weltervektklassen i forbunda WBA, WBC, WBO, IBF og IBO. Det er desse VM-belta ho set på spel mot Sagajdakovskaja i neste månad.

Brækhus har også hatt som mål å bokse på stemnet der det blir omkamp mellom storboksarane Gennady Golovkin og Saul Alvarez. Det betyr i så fall at ho får endå ein kamp i Las Vegas 15. september.

- Det er det vi ser på som neste steg. Og då kan vi forhåpentlegvis legge opp ein litt lengre plan og gjere ting på ein litt annan måte, sa Brækhus til NTB dagen etter at ho vann over Reis.

Men før ein eventuell Vegas-kamp skal ho altså i aksjon mot Sagajdakovskaja. Ho er utan tap gjennom sju proffkampar og går under kallenamnet «isdronninga».

(©NPK)

Cecilia Brækhus fekk det tøft då ho slo Kali Reis i USA i mai. Snart er ho klar for ein ny batalje i bokseringen.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix