Annonse

Brann hentar Thomas Grøgaard

Venstrebacken til Odd, Thomas Grøgaard, har skrive under for serieleiar Brann. 24-åringen sluttar seg til bergensarane frå januar 2019.

Det stadfestar Brann på nettsidene sine måndag.

Grøgaard gjennomførte den medisinske testen måndag og har skrive under på ei toårskontrakt med Brann.

- Akkurat no ligg hovudfokuset på å gjere det best mogleg for Odd ut sesongen, men eg ser fram til å fortsette karrieren min i Brann, og ser på det som ei god moglegheit for å utvikle meg til ein endå betre fotballspelar, seier Grøgaard til Brann.no.

Venstrebacken har spelt fast for Odd sidan debuten som 19-åring og har over 50 aldersbestemte landskampar for Noreg.

- Eg ønskjer å bidra til at Brann blir eit stabilt topplag i Noreg, og så hadde det jo vore utruleg gøy å få spele i europacupen igjen, eller kanskje til og med Champions League, avsluttar forsvarsspelaren.

(©NPK)

Thomas Grøgaard er har skrive under ei toårskontrakt med Brann. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix