Annonse

Brannen ved gasslager i Rogaland sløkt

Brannen nær eit gasslager på tettstaden Kvernaland i Rogaland er sløkt, men nødetatane fortel om framleis svært høg temperatur på staden.

Annonse

Brannen starta i ei brakke ved Kalbergveien tett opp til gasslageret, og politiet fekk meldinga rundt klokka 19.20. Brannvesenet flyttar gassflasker ut av lageret.

- Det ligg eit stykke frå bustaden og er skjerma av ein skog, men skadepotensialet er uklart. Lageret ligg tett ved Kalbergveien, så det var naturleg å stengja han av, seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sørvest politidistrikt til NTB.

Han seier at det er gassbehaldarar i lageret, men at det førebels er usikkert kva slags gass det er snakk om. Førebels er det ikkje aktuelt å evakuera bebuarar frå nærområdet.

(©NPK)