Burnley-spiss utestengt for gamle Twitter-meldingar

(NPK-NTB-AFP): Burnleys angrepsspelar Andre Gray la i 2012 ut homofobiske meldingar på Twitter. No må han betale prisen og stå over fire kampar.

Englands fotballforbund (FA) avgjorde fredag å stengje Gray ute. Han fekk òg ei bot på 25.000 pund, som svarar til rundt 265.000 kroner. I tillegg må den engelske spissen delta i eit utdanningskurs i regi av FA.

Straffa gjer at Gray mister seriekampane mot Watford (h), Arsenal (h), Southampton (b) og Everton (h).

«Er det berre meg, eller er det homsar overalt? #brenn #døy #gjørmegkvalm».

Gray la seg flat og orsaka då den over fire år gamle meldinga byrja å spreie seg på sosiale medium. Ifølgje Burnley-spelaren er han no ein «heilt annan person» enn den han var då han ytra dei sterkt homokritiske kommentarane.

Etter at FA kom med sin avgjerd fredag, melde Burnley at klubben og Gray godtar straffa.

– Vi håper dette vil verke som ei åtvaring for alle profesjonelle fotballspelarar og idrettsutøvarar generelt, skriv den nyopprykka Premier League-klubben. (©NPK)