Cannes gir opp burkiniforbod

(NPK-NTB-AP-DPA): Ein lokal domstol opphevar burkiniforbodet i Cannes. Rettsavgjerda er den første sidan Frankrikes grunnlovsdomstol slo fast at slike forbod krenkjer grunnleggjande rettar.

Tysdag konkluderte ein domstol i Nice, rundt fire mil nord for Cannes på den franske Rivieraen, med at det lokale forbodet i filmbyen er ulovleg.

Argumentasjonen er i tråd med rettsavgjerda frå grunnlovsdomstolen i førre veke. Domstolen i Nice argumenterer med at det ikkje er bevist at den heildekkjande badedrakta utgjer nokon trussel mot den allmenne orden. Borgarmeister i Cannes, David Lisnard, seier det ikkje er aktuelt å anke rettsavgjerda.

Rundt 30 franske byar har i sommar innført lokale forbod mot badedrakta på sine strender. I Cannes blei forbodet grunngjeve med at burkinien ikkje respekterer sosiale normer og det sekulære samfunnet.

Det var venta at rettsavgjerda frå grunnlovsdomstolen, som vurderte burkiniforbodet i éin av byane, ville skape presedens for resten av Frankrike. Kommunale styresmakter i blant anna Nice har likevel sagt at dei vil halde fram å bøteleggje kvinner som bruker det heildekkjande badetøyet på stranda.

Menneskerettsorganisasjonar har på si side varsla at dei om naudsynt vil gå til retten for å oppheve forboda i alle byar. (©NPK)