Carlsen spilte sjakk med barna i Brooklyn

(NPK-NTB): Magnus Carlsen fekk bryne seg på elevar frå ein av USAs leiande sjakk-skular i New York, der han snart skal spele VM.

Fredag besøkte verdas beste sjakkspelar, Magnus Carlsen, ein skule i Brooklyn i New York. Skulen, med namn I.S. 318, er ein offentleg ungdomsskole der dei fleste elevane kjem frå familiar med låg inntekt.

Men skulen har eit sjakkprogram som har blitt kalla det beste ungdomsskoleprogrammet i USA, og elevar frå skulen har vunne fleire titlar.

– Det er veldig gøy å vere her. Det er ein enorm entusiasme for sjakk her, seier Carlsen til NTB. Han møtte tre av dei beste sjakkelevane på skulen og vann alle partia. Han skryter likevel av nivået.

– Spesielt ei jente eg spelte mot her var veldig god. Nivået var godt, og eg har ingen problem med å forstå at desse vinn skulemeisterskapane, seier Carlsen.

Blant tilskodarane var statsminister Erna Solberg. Ho synest det var interessant å sjå korleis denne skulen vert driven.

– Den er veldig ulik andre skular i USA, seier ho. (©NPK)