Carlsen vann over Karjakin etter monsterparti

Etter heile seks og ein halv time klarte endeleg Magnus Carlsen å ta innersvingen på Sergej Karjakin og vinne i Sinquefield Cup i sjakk i USA.

Då dei to møttest i Norway Chess tidlegare i år spelte dei remis etter 40 trekk. I oppgjeret søndag hadde Carlsen fordelen av kvite brikker, men Karjakin forsvarte seg godt, og det skulle ta lang tid før Carlsen fann opninga han trong og vann etter 88 trekk.

Ifølgje VG minna det om VM-matchen mellom dei to i november 2016 der Carlsen pressa kontinuerleg og Karjakin forsvarte seg.

Då russaren til slutt gjorde ein tabbe, nytta Carlsen sjansen og vann.

- Eg er veldig glad no. Eg gjorde alt. Nokre gonger er det nok, nokre gonger er det ikkje det, sa Carlsen i intervjuet etterpå.

Dermed står verdsmeisteren med éin seier og éin remis i turneringa i St. Louis, der han laurdag spelte mot Maxime Vachier-Lagrave. Carlsen prøver å vinne turneringa for første gong sidan 2013. Han vart nummer to både i 2014, 2015 og 2017.

Det kan likevel bli tøft å vinne, med sju av dei ti beste spelarane i verda til stades. Etter to parti har ingen meir enn 1,5 poeng - som Carlsen.

Det knyter seg også stor spenning til 7. runde laurdag, då nordmannen skal spele mot Fabiano Caruana, sannsynlegvis deira siste møte før VM-duellen i november.

Turneringa blir avslutta 27. august.

(©NPK)

Regjerande verdsmeister Magnus Carlsen slo Sergej Karjakin frå Russland i St. Louis søndag. Her frå VM-oppgjeret mellom dei to i 2016, ein match som kampen søndag skal ha hatt likskapstrekk med. Foto: Pontus Höök / NTB scanpix