Annonse

Casper Ruud første nordmann til kvartfinale på verdstouren sidan pappa Christian

Casper Ruud (18) vann mot grusspesialisten Roberto Carballes etter tie-break og tok seg vidare til kvartfinalen i ATP-turneringa i Brasil. 

Annonse

Casper Ruud (18) vann mot grusspesialisten Roberto Carballes etter tie-break og tok seg vidare til kvartfinalen i ATP-turneringa i Brasil.

Den norske tenniskometen imponerte stort i andre runde av turneringa. Den tette og jamne kampen gjekk til tie-break i siste sett der 18 år gamle Ruud viste seg sterkast. Dermed vann nordmannen med settsiffera 6-7 (4-7), 6-4, 7-6 (7-3).

Det starta vrient for Ruud. I det første settet avgjorde Carballes med 7-4-siger i tie-break. I andre sett braut Ruud serven til motstandaren og kontrollerte inn til 6-4-siger, før det i tredje sett igjen vart dramatisk. 18-åringen hamna under frå start, men henta seg inn og vann 7-3 i tie-break.

Ruud er dermed den første nordmannen i ein kvartfinale på verdstouren sidan faren Christian Ruud i 2001, skriv Tennis-Norge.

23 år gamle Carballes er ranka som nummer 132 på verdsrankinga. Han måtte kvalifisere seg inn til turneringa, mens Ruud fekk moglegheita gjennom eit wild card.

Ruud er på den siste rankinga nummer 208 i verda, men med storspelet i Rio de Janeiro vil han etter alle solemerke kome inn blant dei 200 beste i verda på neste ranking.

I kvartfinalen møter Ruud brasilianske Thiago Monteiro, som vann duellen mot landsmannen Thomaz Bellucci. Monteiro er ranka som nummer 85 i verda.

(©NPK)