Catalonias nye regionforsamling trer saman

Catalonias nyvalde regionforsamling har gått saman for første gong etter valet 21. desember.

Catalonias førre regionforsamling blei oppløyst av sentralregjeringa i Madrid som følgje av katalanske separatistar sitt forsøk på lausrive seg frå Spania.

Fleire katalanske leiarar blei arrestert og fengsla mens den avsette presidenten av regionen avsette president Carles Puigdemont flykta i eksil i Belgia.

Nyvalet som Madrid utlyste, blei gjennomført 21. desember. Der vann separatistane. Dei to største partia i Catalonia blei i førre veke samde om å danne regionregjering som skal bli leidd av Puigdemont.

Men Puigdemont er skulda for oppvigleri og misbruk av offentlege middel og risikerer å bli arrestert og straffa om han vender tilbake til Spania.

Spanias statsminister Mariano Rajoy slo dessutan måndag fast at Puigdemont ikkje kan leie den katalanske regjeringa frå Belgia. Den katalanske presidenten må takast i eid på vanleg måte, og regjeringa i Madrid vil behalde styringa over Catalonia til det har skjedd, sa Rajoy måndag.

Under den første sesjonen onsdag sette den nye 135 seter store forsamlinga ned ein komité som skal tolke regelverket og prøve å finne eit smotthol som opnar for Puigdemonts kandidatur frå eksil. Det er venta at avstemminga over ny katalansk president skal starte etter 31. januar.

(©NPK)

Catalonias avsette leiar Carles Puigdemont avbilda i Brussel fredag i førre veke. Foto: AP / NTB scanpix