Cavendish stiller i Artic Race of Norway

Tidlegare verdsmeister Mark Cavendish blir å finne på startstreken i sykkelrittet Artic Race of Norway som startar torsdag.

Når den sjette utgåva av Arctic Race of Norway går av stabelen torsdag, stiller tidlegare verdsmeister og vinnar av 30 etappar i Tour de France, Mark Cavendish til start.

- Cavendish er ein av dei største profilane i sykkelsporten, og er den med nest flest etappesigrar i Tour de France. Det blir spennande å sjå kva han kan utrette når han kjem til Arctic Race of Norway, seier dagleg leiar i Arctic Race of Norway Knut-Eirik Dybdal i ei pressemelding.

Ein av dei som heilt sikkert ønsker å slå dei alle er Nord-Noregs eigen August Jensen, som i fjor sykla inn til ein sterk andreplass. Men Cavendish og Jensen får hard konkurranse, for også Christophe Laporte og Andrea Pasqualon stiller til start.

Thor Hushovd, også han tidlegare verdsmeister, håpar også dei norske ryttarane Sondre Holst Enger og Herman Dahl kan yppe seg.

- Alle desse vil heilt sikker ha eit ønske å ta skalpen til Cavendish under rittet, seier Hushovd.

Fleire profilar

Det blir uansett hard kamp om etappesigrane då også vinnaren av klatretrøya i Tour de France i fjor, Warren Barguil, stiller til start saman med Guillaume Martin og Omar Fraile. Sistnemnde vart kåra til «king of the mountains» i Vuelta a España i år.

Det gjer også ryttaren mange kallar for «den nye Peter Sagan», nederlandske Mathieu van der Poel. Han har dei siste åra dominert i Cyclocross, ein form for offroad-sykling, og vart verdsmeister i greina i 2015

- Mange meiner van der Poel er den nye Peter Sagan, og den første etappen inn til Kirkenes er som skreddarsydd for ryttarar med hans kvalitetar, seier Hushovd.

Første etappe av verdas nordlegaste profesjonelle sykkelritt startar i Vadsø torsdag. Rittet blir avslutta i Alta søndag 19. august.
EMBED START Image Mark Cavendish (grøn trøye) stiller til start i Artic Race of Norway torsdag. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix EMBED END Image(©NPK)