Annonse

City-sjefen forbanna over manglande arbeidsløyve

Manchester City-manager Pep Guardiola er oppgitt over at britiske styresmakter ikkje har innvilga brasilianske Douglas Luiz arbeidsløyve.

Annonse

City betalte meir enn 100 millionar kroner da Luiz blei henta til klubben frå brasilianske Vasco da Gama i fjor sommar. Guardiola skal ha hatt eit mål om å bruke 20-åringen som ei reserveløysing for landsmannen Fernandinho denne sesongen.

Det blir det no ingenting av.

Tidlegare denne veka fekk City-leiinga beskjed om at brasilianaren ikkje blir innvilga arbeidsløyve. Manager Guardiola er frustrert over avgjerda, og lar seg spesielt irritere over tidspunktet avslaget kom på.

- No må vi prøve å hjelpe han med å komme seg ut på lån igjen og deretter prøve å ordne arbeidsløyve. Sånt som dette forstår eg ikkje, seier spanjolen.

- Folk som ikkje ser spelaren på trening dagleg skal plutseleg avgjere om han har ferdigheitene og kvaliteten som skal til for å spele her. Eg aksepterer reglane, men forstår dei ikkje, for alle kan jo jobbe kor ein vil i verda, tilføyer han.

I og med at avgjerda kom så seint, rakk ikkje City-leiinga å hente inn noka ny reserveløysing for Fernandinho. Overgangsvindauget for dei engelske klubbane stengde torsdag.

- Eg hadde føretrekt om avgjerda ikkje kom no, sa Guardiola.

(©NPK)

Pep Guardiola irriterer seg over trøbbel med arbeidsløyve til Douglas Luiz. Foto: AP Photo/Tim Ireland / NTB scanpix