Annonse

CNN: Robert Mugabe gir etter og går av

Zimbabwes mangeårige president Robert Mugabe går med på å trekkje seg, opplyser ei kjelde med kjennskap til forhandlingane til CNN.

Annonse

Ifølgje kjelda har Mugabe skrive eit brev der han ber om å bli avløyst som president, og dette skal no overleverast presidenten i nasjonalforsamlinga.

Zimbabwes generalar, som greip makta og sette Mugabe i husarrest i førre veke, har ifølgje CNNs kjelde gått med på dei fleste vilkåra den 93 år gamle presidenten har stilt.

Vilkåra inkluderer blant anna full immunitet for seg sjølv og kona Grace og at paret får behalde dei private eigedommane sine.