Conte takkar venner i Chelsea

Antonio Conte takkar stort sett alle i Chelsea etter sparkinga, men nemner ikkje klubbstyret med eit einaste ord i avskjedsbrevet.

Italienaren blei fredag offisielt fjerna frå jobben som Chelsea-manager. Det skjedde etter fleire månader med spekulasjonar. Conte vann både Premier League og FA-cupen i dei to siste åra i London-klubben, men forholdet til leiinga blei etter kvart iskaldt.

Måndag sende han ut eit takkebrev gjennom den engelske managerforeininga LMA.

- Eg vil takke alle mine venner i Chelsea for deira harde arbeid og støtte gjennom to sesongar, innleiar Conte før han takkar spelarane for samarbeidet.

- Det har vore ein glede å jobbe med dei kvar einaste dag.

- Eg har nytt tida i England og London. Eg vil også takke Chelsea-fansen, som har vore heilt utrulege overfor meg og familien min. Det har vore fantastisk for meg å kunne dele følelsar, lidenskap og entusiasme med dei gjennom to uforgløymelege sesongar.

Conte avsluttar brevet med å ønske Chelsea lykke til vidare. Han håpar klubben greier å halde oppe suksessnivået.

Maurizio Sarri, som også er italienar, er tilsett som erstattar for Conte. Han har dei siste åra leidd Napoli til topplasseringar i Serie A.

(©NPK)

Antonio Conte har sendt ut eit takkebrev etter at han fekk sparken som Chelsea-manager. Her er han med John Terry etter at klubben vann Premier League i 2017. Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix