Annonse

Dei fleste som kom over Storskog får ikkje bli i Noreg

Hausten 2015 kom det totalt 5.465 asylsøkjarar til Noreg over Storskog. 1.050 av desse har fått opphald i landet. Over 3.000 har fått avslag på asylsøknaden.

Tal ABC Nyheter har fått frå Utlendingsdirektoratet (UDI) viser at 3.120 av asylsøkjarane som kom til Noreg frå Russland over grensestasjonen på Storskog i Finnmark, har fått avslag på asylsøknaden sin. 1.150 av sakene er lagt bort av ulike årsaker.

Nesten 1.000 blei returnerte til Russland, men av dei som blei igjen, var halvparten registrerte som forsvunne i fjor haust.

I eit brev frå Politiets utlendingseining (PU) til Sivilombodsmannen datert 28.10.2016, som ABC Nyheter har fått innsyn i, kjem det fram at 2.128 av dei 4.551 attverande asylsøkjarane var forsvunne frå asylmottaka. Seinare har ein del av dei som blei borte komme til rette.

- Per i dag står 1.220 av asylsøkjarane over Storskog oppført som forsvunne, opplyser UDI tysdag.

550 av desse har fått realitetsbehandla saka og fått avslag. 610 har bortlagde saker. 40 har trygt tredjeland. I tillegg har rundt 20 asylsøkjarar «ymse registreringar av dårleg kvalitet», ifølgje UDI.

Lagt bort-saker er saker der søkaren sjølv har valt å trekke søknaden, eller som er lagt bort fordi søkjaren har forlate Noreg eller norske styresmakter ikkje veit kvar personen oppheld seg.

(©NPK)