Annonse

Dei unge og urbane er i fleirtal blant festrøykjarane

Delen nordmenn som røykjer av og til, har halde seg stabil i 30 år på omtrent 10 prosent, viser ein ny rapport.

Rett nok har delen gått ned til mellom 8 og 9 prosent, men denne trenden følgjer ikkje same kurven som den for dei som sluttar å røykje til dagleg.

Folkehelseinstituttet har sett på røykjevanar og snusedvanar og utviklinga i 2017 i den ferske rapporten Tobakk i Noreg.

- Av-og-til-røykjarane skil seg frå daglegrøykjarane på fleire måtar; dei er yngre, meir urbane og har høgare utdanning. I tillegg røykjer dei mindre, sjeldan åleine, og dei tenkjer dei har kontroll over eiga røyking, seier Marianne Lund, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Etter kvart har ein også fått statistikk for bruk av e-sigarettar. To forskjellige undersøkingar viser at svært få av oss røykjer e-sigarettar, i fjor var daglegbruken på mellom 1,2 og 0,8 prosent.

Fakta om røyking og geografi 2017

Det er store geografiske skilnadar i bruk av snus. l rapporten Tobakk i Noreg frå Folkehelseinstituttet er det gjort analysar av bruk av snus og tobakk i Noreg, fordelt på fylke.

Østfold: 2012: 10,1 2017: 14,1

Akershus: 2012: 12,5 2017: 12,2

Oslo: 2012: 12,7 2017:16,2

Hedmark: 2012: 13,2 2017: 13,5

Oppland: 2012 11,2 2017: 14,9

Buskerud 2012: 10,9 2017: 11,7

Vestfold: 2012: 10,7 2017 13,3

Telemark 2012: 9,2 2017: 11,3

Aust-Agder: 2012: 8,7 2017: 10,3

Vest-Agder: 2012: 10,5 2017 11,5

Rogaland: 2012: 10,2 2017: 12,6

Hordaland: 2012: 10,1 2017: 15,1

Sogn og Fjordane: 2012: 10,6 2017: 10,9

Møre og Romsdal: 2012: 9,6 2017:12,0

Sør-Trøndelag: 2012: 14,8 2017: 17,3

Nord-Trøndelag: 2012: 15,0 2017:18,8

Nordland: 2012: 14,2 2017: 16,1

Troms: 2012: 11,8 2017: 15,9

Finnmark 2012: 10,8 2017: 17,7

(©NPK)

Foto frå markering i Oslo under den tobakksfrie dagen for nokre år sidan. Unge folk i byane dominerer framleis blant festrøykjarane.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix