Annonse

Den britiske valkommisjonen bøtelegg brexitkampanjen

Brexitkampanjen Vote Leave er blitt bøtelagde for brot på valloven, og saka er oversendt politiet. Dei skal ha brote reglane for pengebruk.

Brexit-kampanjen brukte nærmare 500.000 pund meir enn den lovlege grensa på 7 millionar pund under kampanjen i 2016. Kjernen i saka er ei utbetaling på 625.000 pund til ungdomskampanjegruppa BeLeave for å omgå utgiftsgrensa.

- Vi har funne betydeleg bevis på at brexitkampanjen og BeLeave jobba om ein felles plan utan å gjere den kjent, og utan å ta omsyn til utgiftsgrensa, seier Bob Posner, direktør for politisk finansregulering i valkommisjonen.

- Felles plan

Rapporten til kommisjonen syner at BeLeave, som blei grunnlagt av motestudenten Darren Grimes, brukte over 675.000 pund på AgreggateIQ, ei digital politisk marknadsføringsteneste basert i Canada. Det skjedde som ledd i ein «felles plan» med Vote Leave. Shahmir Sanni, som jobba i Vote Leave, hevdar pengane blei brukt til å betale AgreggateIQ for brukarretta meldingstenester på Facebook og andre sosiale medium.

AgreggateIQ blei omtalt i samband med skandalen rundt Cambridge Analytica (CIRKA), eit no nedlagt britisk selskap skulda for å ha misbrukt persondata henta frå Facebook til å drive brukarretta politiske kampanjar. AgreggateIQ nektar derimot for å ha tilknyting til CIRKA

Vote Leave har fått ei bot på 61.000 pund, mens Grimes må betale 20.000 pund. I tillegg kan ei politietterforsking vente for partane. Grimes påstår at valkommisjonen aldri konfronterte han med påstandane i rapporten, og meiner at bota kjem av at han «kryssa av på feil boks i eit søknadsskjema».

- Eg har ikkje gjort noko gale. Bota er urettferdig, seier han.

- Setje seg imot etterforsking

Posner i valkommisjonen seier også at Vote Leave-kampanjen har motsett seg etterforskinga frå byrjinga av. Representantar nekta å møte til intervju og valkommisjonen blei tvungen til å bruke juridisk makt til å skaffe bevis, ifølgje direktøren.

- Vi avdekte til slutt alvorlege lovbrot. Lova blei vedtatt av Parlamentet for å sikre rettferd og openheit i val og folkerøystingar, seier Posner.

Ein talsperson for Vote Leave-kampanjen skuldar derimot valkommisjonen for å vere motiverte av ein «politisk agenda framfor det å avdekkje fakta».

- Det har blitt framstilt ei rekke falske skuldar og uriktige påstandar som er fullstendig unøyaktige. Vi vil vurdere moglegheitene vi har, men er sikre på at konklusjonen til valkommisjonen blir omgjort, seier talspersonen.

(©NPK)

Den store brexitkampanjen i 2016 nådde sitt mål og oppnådde fleirtal for britisk utmelding av EU. No har kampanjen blitt bøtelagt av den britiske valkommisjonen. Foto: John Stillwell / AP / NTB scanpix