Annonse

Den ekstreme skogbrannfaren held fram

Skogbrannfaren er framleis høg. Sjølv om det kjem litt regn denne veka, er det ingen grunn til å senke skuldrane, ifølgje avdelingsleiar i DSB.

Det har herja mellom 250 og 300 skogbrannar i Sør-Noreg den siste veka.

- En situasjon vi aldri har opplevd før, seier avdelingsleiar Anne Rygh Pedersen i DSB.

Det blei ei travel helg for redningsetatane, og på det meste var det 17 helikopter i bruk samtidig laurdag. Berre i Telemark åleine har det vore registrert 125 skogbrannar sidan torsdag.

I Sør-Noreg ser det ut til å bli litt regn denne veka, kan hende med tore.

Avdelingsleiar Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) friskmelder derimot ikkje skogbrannfaren med det første.

- Det kjem til å komme altfor lite regn, så det er ingen grunn til å senke skuldrene, seier Pedersen til NRK.

Fryktar større hending

Det er framleis skogbrannfare over heile Sør-Noreg, ifølgje Meteorologisk institutt.

- Skogbrannfaren kjem til å vare til langt utover seinsommaren, spår Pedersen.

Ifølgje langtidsvarselet vil temperaturane halde seg høge i store delar av Sør-Noreg ut mot neste veke. Måndag blir Heimevernet sett inn i Bykle i Aust-Agder for å avlaste slitne brannmannskap og Pedersen fryktar slitent mannskap og større brannar kan skape utfordrande situasjonar.

- Vi fryktar ei større hending, seier ho til NRK.

- Vi treng hjelp

Mange av skogbrannane har vore i populære hytteområde og mange ferierande nordmenn ringjer inn til brannvesenet.

Pedersen understrekar viktigheita av å stanse skogbrannane så raskt som mogleg og oppfordrar folk til å ringe inn dersom dei blir oppmerksame på tilløp til brann i skog og mark.

- No er det viktig at publikum blir vår viktigaste hjelpar. Vi trenger hjelp til å oppdage brannar på eit tidlegast mogleg tidspunkt, seier ho.

Brannfly frå EU

DSB uttalte før helgen at dei hadde sendt eit forvarsel om eventuell bistand på kort varsel frå vassbombeflya tiø EU. Men måndag fortel Pedersen at dei likevel ikkje vil komme til å be om bistand frå brannflya.

- Det minka på søndag. Det har det også gjort første del av måndagen. Det er ein del av grunnen til at vi har valt å ikkje gå vidare med å be om bistand frå EU, seier Pedersen til Varden.

Det har aldri før vore brukt vassbombefly i Noreg. Eit forvarsel blei også sendt då det var store brannar i Lærdal, på Frøya og i Flatanger vinteren 2014, men det blei ikkje sendt ein oppmoding om bistand den gong.

(©NPK)

Eit helikopter sløkker ein av dei mange skogbrannane i Setesdalen i helgen.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix