Annonse

Den eldste banken i verda nærmar seg kollaps

(NPK-NTB-DPA-TT): Den kriseramma italienske banken Monte dei Paschi di Siena står på randa av kollaps. Den europeiske sentralbanken (ESB) har avvist ei oppmoding om å utvide fristen for å redde banken.

Annonse

Det melder fleire medium. Banken har frist til slutten av året med å få på plass ei refinansiering med 45 milliardar kroner, men leiinga bad om å utvide fristen til 20. januar på bakgrunn av den politiske krisa i landet. Banken meiner dette skremmer vekk potensielle investorar.

ESB sjølv har ikkje offisielt stadfesta avslaget, men ei kjelde seier til nyheitsbyrået Reuters at sentralbanken motiverer avgjerda med at eit par veker ikkje kjem til å gjere noko frå eller til, og at det er på tide at italienske styresmakter grip inn og reddar banken.

Monte dei Paschi blei i sommar brennemerkt som Europas svakaste bank i stresstestar av viktige bankar i sommar.

Dersom dei ikkje maktar å skaffe pengar til å innfri refinansieringskravet, kan dei tvingast inn i ein avviklingsprosess.

Banken har vore operativ sidan 1472, og vert rekna som den eldste utlånsbanken i verda. (©NPK)