Den Norske Turistforening veks vidare

(NPK-NTB): Den Norske Turistforening (DNT) opplever vekst i medlemstalet for 18. året på rad. I år er auken ekstra stor.

– I år har vi fått heile 20.540 fleire medlemmer enn i 2015. Det er eit historisk godt resultat – og den største medlemsauken i DNTs 148-årige historie, seier generalsekretær i foreininga, Nils Øveraas.

Foreininga har no 290.790 medlemmer.

Turistforeininga har dei siste åra satsa spesielt på barn- og unge, blant anna gjennom auka aktivitet og vekst i Barnas Turlag. Tala viser at det er størst auke nettopp blant dei yngste – Barnas Turlag (0-12 år) har fått over 20 prosent fleire medlemmer i år, mens DNT Ung (13-26 år) har hatt ein vekst på drygt 15 prosent og har passert 40.000 medlemmer.

Nytt av året er eit eige familiemedlemskap, noko DNT også merker effekten av.

– Det er gledeleg at målretta arbeid for å utvikle og forbetre tilbodet gir så konkrete resultat i form av fleire deltakarar og medlemmer. Og at enkle nærturar og aktivitetar for barn, unge og eldre, veks parallelt med meir krevjande aktivitetar som langturar og toppturar. Det har betydning for livskvalitet og folkehelse, og taler godt for at den positive utviklinga kan fortsette, seier Øveraas. (©NPK)