Annonse

Der Spiegel: Tyske spionar overvaka utanlandske media

Den tyske etterretningstenesta BND har lenge spionert på journalistar frå internasjonale media som BBC, The New York Times og Reuters, skriv Der Spiegel.

Medieorganisasjonen Reporters Without Borders kallar overvakinga for "eit uhyrleg angrep på pressefridoen". Organisasjonen er også uroleg for om overvakinga går føre seg den dag i dag og varslar rettslege steg, ifølgje det tyske nyheitsmagasinet.

Der Spiegel har hatt eit tett samarbeid med amerikanske Edward Snowden, som avslørte amerikansk masseovervaking av mobilar og e-post etter at han sjølv hadde arbeidd for amerikansk etterretning.

No har magasinet fått tilgang til dokument der det går fram at BND sidan 1999 har hatt minst 50 telefonnummer, faksnummer og e-postadresser til journalistar og redaksjonar på overvakingslista si.

Mange av dei arbeider for BBC i London og Afghanistan, i tillegg for BBC World Service, noko BBC reagerer sterkt på.

- Vi er skuffa over desse opplysningane. Oppdraget til BBC er å formidla korrekte nyheiter og informasjon til folk rundt om i verda, og journalistane våre bør kunna operera fritt og trygt, og med fullt vern av kjeldene sine.

Telefonnummeret til The New York Times i Afghanistan er også på lista, så vel som satellitt- og mobilnummer til nyheitsbyrået Reuters i Afghanistan, Pakistan og Nigeria.

(©NPK)