Derfor kan mistillitsforslaget mot Listhaug felle heile regjeringa

Dersom statsministeren vil unngå regjeringskrise på tysdag, må ho enten kvitte seg med justisministeren eller hindre at mistillitsforslaget får fleirtal.

Slik er dei skrivne og uskrivne regler for norsk parlamentarisk praksis, slik NTB får dei forklart av professor emeritus Trond Nordby ved Universitetet i Oslo.

- Det er ikkje mogleg å felle berre ein minister gjennom mistillitsvotum. Anten vil statsministeren stille seg bak og då må heile regjeringa gå av, eller så blir statsråden skifta ut før forslaget kjem opp til votering, seier statsvitaren.

Sjølv om grunnlova seier mistillitsforslaget kan rettast mot regjeringa eller enkelte medlemmer av den, så er det altså kutyme, eller vanleg praksis, at heile regjeringa står last og brast med statsråden det gjeld.

KrF avgjer

Tysdag skal Stortinget behandle forslaget frå Raudt som kort og kontant lyder: «Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug har ikkje Stortingets tillit.»

Bakgrunnen er ein Facebook-post der Listhaug hevdar at Arbeidarpartiet set rettane til terroristar før nasjonens tryggleik. Arbeidarpartiet, SV, MDG og Senterpartiet vil støtte forslaget. Dermed er det Kristeleg Folkeparti som avgjer om det får fleirtal.

Nordby fortel at eit mistillitsforslag som får fleirtal, blir kalla eit mistillitsvotum. Eit slikt har ein berre hatt éin gong sidan krigen, nemleg då regjeringa til Einar Gerhardsen måtte gå av i 1963 som følgje av Kings Bay-ulykka.

Sjølv om det har vore fremja 64 andre mistillitsforslag etter 1945, så er forslaget mot Listhaug uvanleg i grunngjevinga si, som er politisk.

- Grunngjevinga er som regel rettsleg, det vil som regel vere grunngitt med brot på ein konstitusjonell regel, forklarer Nordby.

Informasjonsplikt

Tilliten kan bli broten ved at statsråden ikkje har gitt tilstrekkeleg informasjon til Stortinget, eller at statsråden eller regjeringa ikkje har gjort ein jobb Stortinget har bede den om å gjere. Men det er ingenting i lovverket som seier at statsråden ikkje kan miste tilliten av andre grunner enn dette.

Torsdag fekk Listhaug eit såkalla daddelvedtak mot seg. KrF slutta seg til resten av opposisjonen som slo fast at det er «sterkt kritikkverdig» at Listhaug har framsett «uriktige og krenkjande påstandar knytt til nedkjempinga av terror i Noreg». Dette er det ellevte daddelvedtaket i Stortinget sidan 1945, ifølgje NRK.

(©NPK)

Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) gav ein uforbeholden unnskyldning i Stortinget, torsdag. Likevel kom ein samla opposisjon med sterk kritikk av henne og tysdag skal det stemmast over eit mistillitsforslag. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix