Annonse

Dette har skjedd i OL i natt

Nytt sølv til Ragnhild Mowinckel, og dei norske snowboardgutane har kjempa om finaleplass i Big Air. Dette skjedde i Pyeongchang mens du sov:

Historiske Mowinckel

25 år gamle Ragnhild Mowinckel vart i natt den beste alpine vinterolympiaren gjennom tidene på kvinnesida for Noreg då ho tok sølv i utfor. Ho vart også den første norske kvinna som tok ein OL-medalje i disiplinen.

Mowinckel kom ni små hundredels sekund bak italienske Sofia Goggia i mål. Lindsey Vonn tok bronsen.

Bergrem til Big Air-finale

Torgeir Bergrem blir einaste norske snowboardar i Big Air-finalen etter kvalifiseringa i natt. 26-åringen kom på 4.-plass i sitt heat og er blant dei tolv som skal kjempe om gull laurdag.

- Eg skal klinke til i finalen. Eg kjem enten på pallen eller langt ned, sa Bergrem i natt.

Storfavoritt Kleveland ute

18 år gamle Marcus Kleveland fekk det ikkje til å stemme i det same heatet. Han var tydeleg frustrert etter sine to runs og kasta hjelmen etter at han mislykkast i sitt andre run.

Heller ikkje Ståle Sandbech makta å ta seg til Big Air-finalen. 24-åringens OL er over etter at han kom på 7.-plass i første heat. Det heldt akkurat ikkje til finaleplass.

(©NPK)

Foto: Christophe Ena / AP / NTB scanpix

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix