Annonse

Direktoratet: Hurtigruten braut lova då Spitsbergen segla til Svalbard

Hurtigruten braut lova då skipet Spitsbergen stoppa ved fleire norske hamnar under ein segltur til Svalbard, slår Sjøfartsdirektoratet fast.

- Direktoratet er av den oppfatning at skip registrert i NIS etter gjeldande rett ikkje kan føra passasjerar mellom hamnar på fastlandet, skriv kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet i ein e-post til Sysla.

Ekspedisjonscruiseskipet Spitsbergen, som ikkje seglar i kystruta Bergen-Kirkenes om sommaren, la i mai ut på ein tolv dagar lang segltur frå Bergen til Bjørnøya og Svalbard. Undervegs stoppa skipet ved norske hamnar, men ifølgje Hurtigruten utan å ta av eller på passasjerar. Før turen hadde selskapet flytta skipet frå Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) til Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS). Det betyr at selskapet ikkje treng å tilby norsk tariff for dei tilsette om bord.

For at seglturen skulle vore lovleg, måtte Hurtigruten ha vore innom to utanlandske hamnar under seglturen, ifølgje direktoratet. Målet med restriksjonane NIS-registrerte skip er underlagt, er å hindra utkonkurrering av skip som seglar under NOR og må betala norsk tariff.

Hurtigruten meiner skipet segla helt lovleg fordi ingen passasjerar kom på eller gjekk av undervegs.

«På den omtalte seilingen tar vårt skip kun om bord passasjerar i Bergen og fører de til Longyearbyen-via diverse havner på veien. Alle passasjerene føres derfor til eller fra Svalbard. Farten omfattes derfor av unntaket i § 2», skriv reiarlaget i ein utgreiing til direktoratet.

- Vi er ueinige i tolkninga og meiner Svalbard-seglingane til Hurtigruten ikkje er i strid med NIS-regelverket, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege til Sysla.

Han poengterer at Hurtigruten har gjennomført tilsvarande seglturar med NIS-flagg i meir enn ti år, spesielt med ekspedisjonsskipet Fram, som blei levert i 2007.

(©NPK)