Annonse

DN offentleggjer delar av hemmeleg rapport

Verken politiet eller Forsvaret er i stand til å beskytte vitale mål i Noreg mot terror, viser ein rapport som Forsvarsdepartementet ikkje vil offentleggjere.

Det er Dagens Næringsliv som har fått tilgang på rapporten som Forsvarsdepartementet nektar å offentleggjere.

Rapporten gir innblikk i korleis regjeringa har svikta i oppfølginga av 22. juli- rapporten, og er eit samandrag av Riksrevisjonens avdekking av den manglande evna til Forsvaret og politiet til å sikre viktige eigedommar, infrastruktur og samfunnskritisk verksemd ved terror, sabotasje og kriser.

Riksrevisjonen laga ein rapport som etter deira meining skulle vere eigna for offentleggjering. Men dokumentet blei likevel stempla som konfidensielt av Forsvarsdepartementet, som ikkje ønskjer å kommentere innhaldet.

- Fleire enkeltopplysningar som i seg sjølv ikkje er graderte, kan til saman tilseie behov for å gradere større delar av ein tekst eller heile teksten. Forsvarsministeren svarte på spørsmålet om gradering inngåande under høyringa, opplyser Forsvarsdepartementet til avisa.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget hadde denne veka ei to dagar lang høyring om saka. Fleire sentrale spørsmål kunne derimot ikkje belysast i den opne høyringa, og fleire komitémedlemmer har ytra ønske om å få gjennomført ei lukka høyring.

(©NPK)