Dommarsjefen innrømmer at videodømming må betrast

Fifa-dommarsjef Massimo Busacca seier videodømming ikkje utelukkande har fungert bra under kontinentcupen i år.

Videodømming blir testa under prøve-VM i år, men har blitt sett på prøve i fleire situasjonar.

Busacca vedgår at mange aspekt rundt teknologien må betrast, blant anna raskare og klarare kommunikasjon sidan fleire situasjonar har teke såpass lang tid at både spelarar, trenarar og fans har blitt forvirra.

Likevel seier den tidlegare VM-dommaren at han er positiv til at det nye systemet skal bli inkludert i VM neste år.

Busacca insisterer på at teknologien har hjelpt hovuddommaren til å unngå å gjere store feil i dei 12 kampane som har blitt spelt så langt.

Analysane frå Fifa viser at videogjennomgang har hjelpt dommarane til å gjere om seks situasjonar som blir skildra som kampavgjerande. I tillegg har 29 "avgjerande situasjonar" blitt stadfesta som korrekte etter videogjennomgang.

Fleire situasjonar har skapt frustrasjon hos begge lag i kontinentcupen. Då Eduardo Vargas sette inn 2-0 for Chile på overtid mot Kamerun, måtte videoteamet gå gjennom scoringa for å sjå om det var offside, men etter nokre minutt områdingstid blei scoringa godkjent.

Då Mexico møtte New Zealand, oppstod det basketak på overtid då fleire spelarar barka saman etter ein duell.

Hendinga blei gått gjennom på video og etter ein høvesvis lang pause der både den gambiske hovuddommaren fekk beskjed på øyret om kva som hadde skjedd og også sjølv var borte hos TV-skjermen utanfor sidelinja, enda det med tre gule kort.

I oppgjeret mellom Tyskland og Kamerun fekk tyske Emre Can ei stygg stempling rundt kneet. Etter at dommar Wilmar Roldán hadde fått beskjed av videoteamet om alvoret av taklinga, gjekk han til TV-skjermen utanfor banen og viste ut Sebastien Siani.

Problemet var berre at det var Ernest Mabouka som takla Can, og etter å ha fått beskjed om det på øyret og igjen sjekka videobileta, viste den colombianske dommaren ut rett mann medan Siani fekk vere på banen.

(©NPK)

Dette kjem opp på storskjermen på arenaene når videodømming blir teke i bruk. Her frå kampen mellom Australia og Tyskland i kontinentcupen. Foto: AP Photo/Martin Meissner / NTB scanpix.