Dr. Heimlich fekk endeleg bruk for egen manøver

(NPK-NTB-AP): Legen som i si tid gav namnet til den såkalla Heimlich-manøveren skulle bli heile 96 år gammal før han endeleg fekk bruk for han.

Dr. Henry Heimlichs skildra første gang metoden for å fjerne framandlekam frå luftvegane hos personar som held på å bli kvelt i eit legetidsskrift for over 40 år sidan.

Heimlich, som no er pasient ved eit pleieheimen Deupree House i Cincinnati, har demonstrert manøveren tallause gonger, men han har sjølv aldri fått bruk for den.

Ikkje før denne veka, da 87 år gamle Patti Ris sette ein hamburgerbit i halsen i etesalen på pleieheimen der dei to sat og åt.

Heimlich trådde resolutt til, festa grep om nedre del av kvinnas brystkasse bakfrå, og røska til. Hamburgerbiten fauk ut og Ris kom raskt til hektene igjen, skriv The Cincinnati Enquirer.

96-åringen legg ikkje skjul på at det var med stor glede han endeleg kunne praktisere grepet som ber hans eige namn. (©NPK)