Annonse

Egmont Publishing kuttar endå meir

(NPK-NTB): Egmont Publishing skal redusera bemanninga med ytterlegare elleve årsverk, ifølgje Kampanje.

Det danskeigde selskapet gjev ut blad som Hjemmet, Norsk Ukeblad, Det Nye og Vi Menn.

– Bakgrunnen er utviklinga i marknaden. Vi har nedgang i inntektene frå bladsalet og annonsar. Når vi planlegg for neste år, ser vi at det er behov for å ta ned kostnadane ytterlegare. Samtidig arbeider vi heile tida med å effektivisera arbeidsprosessane våre, seier ansvarleg redaktør og direktør i Egmont Axel Walø til Kampanje.

Egmont har allereie vore gjennom to kuttrundar sidan i fjor vår, då selskapet hadde 168 redaksjonelle årsverk. Når elleve no skal gå, vil det vera 104 redaksjonelle årsverk att og berre 20 av dei arbeider med redaksjonell innhaldsproduksjon.

Talet på journalistar har blitt redusert frå cirka 50 til 26, men det er ikkje klart kor mange journalistar som forsvinn i den neste runden. (©NPK)