Ein million såg Noreg avansere i handball-VM

I snitt følgde 958.000 TV-sjåarar Noregs siger over Spania i handball-VM måndag. 

På det meste var 1,2 millionar sjåarar innom den TV 2-sende kampen. Noreg utklassa spanjolane og gjekk vidare frå åttedelsfinalen med komfortable 31-23.

Kampen gav TV 2 ein marknadsdel på 62 prosent i aldersgruppa over 12 år. Sjåartalet er det høgste så langt under VM i Tyskland.

Onsdag spelar Noreg mot Russland i VM-kvartfinalen.

(©NPK)

Stine Bredal Oftedal og dei andre handballjentene begeistrar TV-sjåarane. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix