Annonse

Ekspertane åtvarar: Pass deg for påskesola! 

Kanskje hadde ein skinande gul påskenikab vore tingen. Dei som skal til fjells i påska, blir rådd til å smørje seg - og hugse solbriller. 

For sjølv om påska kjem tidleg i år, og sola derfor ikkje står veldig høgt på himmelen, sørgjer rikelege snømengder for at strålinga blir sterkare. Både auge og hud bli dermed meir utsette, åtvarar Meteorologisk institutt, Statens strålevern, Norsk institutt for luftforsking og Kreftforeningen i ei felles oppfordring.

Huda er også lite van med sola etter vinteren og kan fort bli solbrent, noko som aukar risikoen for hudkreft.

- Går du med sola i ryggen, får du likevel ein del stråling i ansiktet. I tillegg kjem strålinga frå snøen både nedanfrå og frå sida. Då er både auge og vinterbleik hud sårbare, seier forskar Terje Christensen i Statens strålevern.

Snøblind

Også auga trenger godt vern. Skarp påskesol over kvite vidder kan fort føre til at du blir snøblind.

Symptoma oppstår likevel ikkje før 6-12 timar etter at ein har vore ute. Då kjennest det som om ein har sand i auga, tårene renn og det er vondt å sjå i lyset. Nokre får også uklart syn og sterke smerter i auga.

- Bruk gode solbriller med ei utforming som passar deg, og som skjermar mot UV frå alle kantar. Alle solbriller skal ha eit CE-merke som viser at dei er testa og godkjent etter ein standard som sikrar at dei ikkje slepp gjennom for mykje UV-stråling, seier Christensen.

På hudkrefttoppen

Mange nordmenn drar også til Syden denne påsken. Ikkje start ferien med å liggje i timevis i sola ved bassenget, oppfordrar Kreftforeningen.

- Ver raus med å ta pausar frå dei sterkaste solstrålane og hugs nok solkrem. Det gjeld solglade folk i alle aldrar, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Huda gløymer ikkje at den har vore solbrent, men samlar opp solskadane, noko som på sikt kan føre til hudkreft.

Noreg er blant dei land i verda som har høgast førekomst av hudkreft.

(©NPK)

Slik ser draumepåska ut, meiner mange nordmenn. Men pass deg for sola, åtvarar ekspertane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Snøen reflekterer sola. Risikoen er stor for å bli solbrent. Her er nokre enkle råd for å unngå forbrenningar.