Ekspertar meiner USA-valet er avgjort

(NPK-NTB): Forspranget til Hillary Clinton på Donald Trump krympar, men presidentkandidaten til demokratane ser likevel ut til å stikka av med ein klar siger i kappløpet mot Det kvite hus.

To veker før presidentvalet leier Hillary Clinton med mellom 48,3 prosent, mot Donald Trumps 43,2 prosent, viser eit gjennomsnitt av dei siste elleve landsdekkjande meiningsmålingane i USA, rekna ut av RealClearPolitics.

Forspranget til Clinton, som tidlegare i månaden var oppe i 7 prosentpoeng, er no på 5,1 prosentpoeng.

Ingen presidentkandidat har noko sinne greidd å henta inn eit forsprang på meir enn 4 prosentpoeng dei siste vekene før eit val i USA.

Statistikkguruen Nate Silver tek for seg meiningsmålingar i alle delstatane, vektar dei etter kor godt dei har treft tidlegare og har ei oppsiktsvekkjande evne til å spå utfallet av amerikanske presidentval.

Under presidentvalet i 2008 spådde Silver rett utfall i 49 av delstatane i USA, ved siste valet spådde han rett i alle dei 50 delstatane.

Dersom han endå ein gong treffer med analysen sin, vil Clinton enda opp med nærmare 340 valmenn 8. november, 70 fleire enn det ho treng for å bli både den neste og første kvinnelege presidenten i USA.

The Huffington Post analyserer også målingar og statistikk, og er endå sikrare på utfallet av valet.

Nettavisa gjev no Clinton heile 96,8 prosent sjanse for siger, mens sjansen til Trump er på fattige 3,1 prosent. (©NPK)