Annonse

Ekstra ambulansefly kostar 600.000 kroner veka

Dei ekstra kostnadane knytt til luftambulansekrisa nærmar seg no ti millionar kroner.

Luftambulansetenesta har den siste månaden leigd inn ekstra fly, helikopter, ambulansar og mannskap for å sikre den livsviktige beredskapen.

Etter fire veker er dei ekstra kostnadene 8,8 millionar kroner, viser tal frå Luftambulansetenesta. Dei største utgiftene er eit innleigd Beech ambulansefly frå Sverige og to innleigde helikopter frå Forsvaret, skriv Dagens Næringsliv.

Luftambulansetenesta vurderer også å leige inn eit ekstra jetfly frå Sverige. Kostnaden avheng av bruken, der timeprisen er oppgitt til 31.000 kroner.

Mange ambulansefly har i vår stått på bakken på grunn av pilotmangel, etter at operatøren Lufttransport tapte anbodet etter 25 års drift. Babcock, som fekk oppdraget i staden, skulle drive tenesta 900.000 kroner billigare i veka, og på den måten spare 282 millionar kroner i løpet av oppdragsperioden på seks år.

(©NPK)

Lufttransport, som har vore operatør i over 25 år, mista i fjor oppdraget med å drive luftambulansetenesta. Svenske Babcock Scandinavian Air Ambulance er tildelt kontrakten frå 2019. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix