Annonse

Elbileigarane køyrer lengre distansar

(NPK-NTB): Éin av fire med elbil oppgjev at dei køyrer over 40 kilometer kvar dag. – Det knuser myten om at det ikkje går an å køyra langt med elbil, meiner Norsk elbilforening.

Annonse

Den største enkeltgruppa har forsikra køyrelengd på mellom 12.000 og 16.000 kilometer, som svarar til 44 kilometer kvar dag, ifølgje ei spørjeundersøking Norsk elbilforening har utført.

– Dette slår effektivt hol på myten om at elbilen berre duger til korte turar, seier generalsekretær Christina Bu.

I det høgste sjiktet har elbileigarane forsikra bilen for å køyra 82 kilometer kvar einaste dag i året.

Undersøkinga viser at det er relativt få som køyrer rundt 8.000 og over 30.000 kilometer.

Det er i dag rundt 85.000 elbilar i Noreg, noko som svarar til rundt tre prosent av alle 2,6 millionar personbilar, ifølgje elbilforeininga. (©NPK)