Annonse

Eldstemann Albasini vann i Kristiansand

Eldstemann i feltet Michael Albasini (37) stakk med etappesigeren, mens det vart berre nesten for Kristoffer Halvorsen og Edvald Boasson Hagen.

Eldstemann i feltet Michael Albasini (37) stakk med etappesigeren, mens det vart berre nesten for Kristoffer Halvorsen og Edvald Boasson Hagen.

Den 37 år gamle sveitsaren viste at dei gamle er eldst på den andre etappen av Tour des Fjords.

Den 15 år yngre Kristoffer Halvorsen vart beste nordmann på ein tredjeplass. Han var skuffa over at han ikkje klarte å vinne på heimebane i Kristiansand.

- Eg venta for lenge. Ikkje bra. Eg følte meg sterk og hadde hjulet til Fabio Jakobsen, men dette vart litt sånn som det har vore i heile år. Eg har ikkje klart å time det heilt. Synd. Dette kjem til å svi lenge. Det er ikkje så mange gonger at du har sjansen til å vinne på heimebane. Denne dagen er noko eg kjem til å hugse resten av livet, sa tjuetoåringen til TV 2.

Heller ikkje Edvald Boasson Hagen nådde heilt opp. Han vart dessutan sperra på oppløpet og enda på ein fjerdeplass.

- Eg hamna litt for langt bak da spurten gjekk. Målet var å støyte litt før. Det var eit greitt trykk på oppløpet, men det hjelper ikkje når du kjem for seint. Det vart trongt der òg, og eg hadde flaks som ikkje gjekk ned. Vi får prøve igjen i morgon, sa Boasson Hagen etter etappen frå Risør til Kristiansand.

Fabio Jakobsen vann den første etappen frå Lindesnes til Grimstad, og nederlendaren held fram med den lyseblå trøya, som bevis på at han framleis leier rittet samanlagt før den avsluttande etappen torsdag mellom Farsund og Egersund.

(©NPK)

Kristoffer Halvorsen etter den første dagen av Tour des Fjords 2018 i Grimstad. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix.