Elev trua med masseskyting i Sør-California

Styresmaktene seier dei har avverja ei mogleg masseskyting på ein skule i California i USA etter at ein tilsett høyrde ein elev true med å opne eld på skulen. 

Førre tysdag overhøyrde ei sikkerheitsvakt på skulen El Camino High School i Whittier i Sør-California ein «misnøgd elev» true med å opne eld på skulen fredag. Det melder sheriffkontoret i Los Angeles fylke.

Trusselen kom dagen før massakren i Florida, der ein 19-åring skaut og drap 17 menneske på Marjory Stoneman Douglas High School.

Nicole Nishida, talskvinne for sheriffen, fortel at det vart funne fleire skytevåpen og ammunisjon då dei ransaka bustaden til eleven.

Politiet vil ikkje gi ytterlegare informasjon, men skal gi fleire opplysningar om saka på ein pressekonferanse onsdag morgon lokal tid.

(©NPK)