Endå ein amfetaminsmuglar dømd i Rogaland

Ein 34-åring er i Jæren tingrett dømd til nesten fire års fengsel for innførsle av amfetamin. Det er den tredje amfetaminsaka tingretten har behandla i juni.

Amfetaminsmuglarane er truleg del av eit nettverk, ifølgje Stavanger Aftenblad. Dommen i Jæren tingrett, den tredje av sitt slag i juni, er på 3 år og 10 månaders fengsel for innføring av minst 5 kilo amfetamin.

Dei to andre sakene blei behandla av Jæren tingrett 10. juni. Då blei to austeuropeiske menn i 30-åra dømde til seks års fengsel utan vilkår for ved to høve å ha innført til saman 9,7 kilo amfetamin. Amfetaminet blei smugla til Noreg med ferje mellom Kiel og Oslo, og Hirtshals og Risavika utanfor Stavanger.

Den 34 år gamle mannen frå Sandnes handla på oppdrag frå ein person i Tyskland og køyrde til Nederland for å hente stoffet. Då mannen vende heim til Noreg, var amfetaminet gøymd i fleire holrom i leigebilen han disponerte. Han tok seg inn til Noreg med ferja frå Hirtshals til Risavika.

Mannen vedgjekk straffskuld for innførsla allereie i det første politiavhøyret.

(©NPK)

Ein 34 år gammal mann er i Jæren tingrett dømd til 3 år og 10 månaders fengsel for innføring av amfetamin. Det er den tredje saka i sitt slag denne månaden. Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / NTB scanpix