Annonse

Eple blir kalla tilbake etter funn av plantevernmiddel

Exotic Fruit AS har trekt eit parti med eple frå Argentina av merket Royal Gala. Årsaka er funn av plantevernmiddelrestar som ligg over grenseverdien.

Overskridinga er vurdert å vera helseskadeleg, skriv Matportalen.

Det aktuelle partiet er på 42 kartongar med til saman 756 kilo med eple, som blei selde til ei rekkje butikkar, hovudsakleg på Austlandet, men òg i Stavanger og Sandnes.

Exotic Fruit AS har varsla alle mottakarane av epla og bede dei returnera eller kasta dei. Epla er selde frå 1. juni til 19. juni. Tilbakemeldingane frå butikkane tyder på at det er svært lite att av partiet.

Dei aktuelle butikkane er ikkje kjedetilknytte og er frittståande daglegvarebutikkar og frukthandlarar.

Det er det aktive stoffet tiofan-metyl som er funne i epla. Ifølgje Matportalen kan ein stor porsjon av epla det gjeld, påverka veksten til småbarn. For vaksne er det ingen umiddelbar fare, skriv dei.

(©NPK)