Equinor kjøper servicetenester for 30 milliardar kroner

Equinor har inngått servicekontraktar verdt 30 milliardar kroner for integrerte bore- og brønntenester med Baker Hughes, Halliburton og Schlumberger.

Kontraktane omfattar så å seie alle Equinor-opererte felt på norsk sokkel, og varer i utgangspunktet fire år, opplyser selskapet, som nyleg byte namn frå Statoil. I tillegg kjem opsjonar på fem gonger to år.

Kontraktane har ein berekna verdi på 30 milliardar kroner, og er dei største Equinor/Statoil har tildelt nokon gong innan bore- og brønnservice, ifølgje direktør for innkjøp Pål Eitrheim.

(©NPK)