Annonse

Erna Solberg opna biepark som gir arbeid til vanskelegstilte

Statsminister Erna Solberg deltok måndag på opninga av prosjektet bieparken i Oslo. Målet er å få vanskelegstilte inn i arbeidslivet.

Erna fekk sjølv prøva seg som birøktar då bieparken blei opna måndag formiddag. Under opningstalen sa Solberg at det er mange grunnar til at menneske står utanfor arbeidslivet, men éin ting har dei til felles: dei kan bidra, så lenge dei slepp til.

- For å lykkast med eit inkluderande arbeidsliv, treng vi modige arbeidsgivarar som ser moglegheiter, og ikkje berre hinder, sa Solberg under opningstalen.

Parken er eit prosjekt under Jobb34, som er eit arbeidstilbod for utviklingshemma og andre som på ein eller annan måte hamnar utanfor arbeidslivet.

På prosjekt 34 blir alle oppmoda til å søkja jobb, uansett alder, funksjonsevne, religion, etnisk bakgrunn eller seksuell orientering.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg fekk prøva seg som birøktar under opninga av bieparken i Stensparken i Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Bieparken er ein del av prosjektet Jobb34, som er eit arbeidstilbod for utviklingshemma. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Bieparken er ein del av prosjektet Jobb34, som er eit arbeidstilbod for utviklingshemma. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

- For å lykkast med eit inkluderande arbeidsliv, treng vi modige arbeidsgjevarar som ser moglegheiter, og ikkje berre hinder, sa Solberg under opningstalen. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix