Erna Solberg til homoparade i Stavanger

Statsminister Erna Solberg (H) skal gå først i prideparaden i Stavanger i september. Ho kjem også til å halde hovudappell.

Statsminister Erna Solberg (H) skal gå først i prideparaden i Stavanger i september. Ho kjem også til å halde hovudappell.

Ifølgje Rogalands Avis kunngjorde Solberg besøket i ei videohelsing til festivalen Stavanger på Skeivå.

- At det er statsministeren som tar turen, er vi positivt overraska over. Det er utruleg stas at ho kjem hit til Stavanger for å feire kjærleiken, fridomen og mangfaldet som festivalen vår representerer, seier festivalsjef Daniel B. Rayner.

I videoen seier Solberg at ho gler seg til å vere med på feiringa.

- Det er slik at Noreg har komme langt i dette. Men i mange andre land har dei ikkje komme så langt. I mange andre land er det framleis vanskeleg å få lov å vere den du er, og elske den du vil elske. Det er ein viktig verdi vi skal ta vare på i vårt samfunn. Derfor er eg glad de feirar det, og eg gleder meg til å vere saman med dykk, seier statsministeren.

Festivalen blir arrangert frå 5. til 9. september, og paraden er på opningsdagen.

(©NPK)

Erna Solberg under ei mottaking i statsministerbustaden i samband med Oslo Pride tidlegare i år. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix