Annonse

ESA: Noreg har betra dyrevelferda

Noreg har betra kontrollen med dyretransport for å sikre dyrevelferd, slår tilsynsorganet ESA fast etter å ha vore på inspeksjon her i landet.

Annonse

Inspeksjonen, som var den første av denne typen sidan 2012, blei gjennomført i april, opplyser EØS-tilsynet ESA måndag. Den viser at Mattilsynet har innført strafferutinar når EØS-reglane blir brotne og har sett i verk tiltak for å sikre at rutinane blir gjennomført.

- Det gjeld blant anna i tilfelle der dyr ikkje er eigna til å transportere. Mattilsynet kommuniserer også effektivt med relevante partnarar, som bønder og transportørar. Sjåførar og følgjesveinane blir lært opp i praktiske utfordringar før dei får godkjent kompetansebevis, skriv ESA.

Mattilsynet har eit system for godkjenning av transportørar som gjennomfører både korte og lange reiser. ESA påpeiker at EØS-reglane ikkje er følgt når det gjeld prosedyrar for godkjenning av transportkøyretøy, til kontroll på lange transportetappar og til dokumentasjon og rapportering.

ESA fann også svakheiter i dokumenterte prosedyrar og opplæring hjå Mattilsynet, noko som gjer det vanskelegare for dei tilsette å utføre jobben sin.

(©NPK)

ESA har sett på norsk dyrevelferd. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix