Zlatan forlèt Manchester United

Zlatan Ibrahimovic har spelt sin siste kamp for Manchester United. Den engelske storklubben bekrefta torsdag at kontrakten til svensken er avslutta.

Det banar veg for at Ibrahimovic reiser til USA for å fortsette karrieren i MLS-fotballen. Ryktebørsen vil ha det til at han vel Ola Kamara og Jørgen Skjelviks arbeidsgjevar Los Angeles Galaxy.

Det var ESPN som tidlegare torsdag var først ute med nyheita om at Zlatan kom til å forlate United innan kort tid. TV-kanalen hadde kjelder på at United-manager José Mourinho gav spissveteranen løyve til å avslutte kontrakten med Old Trafford-klubben med ein gong.

Zlatan, som kom gratis til United frå Paris Saint-Germain i 2016, spelte sin siste kamp for dei raudkledde i 2-2-møtet med Burnley 2. juledag.

36-åringen har vore fast bestemt på å fortsette karrieren trass i kneproblema som har sett han tilbake det siste året.

(©NPK)

Zlatan Ibrahimovic er ferdig i Manchester United. Han skal no vere på veg til amerikansk fotball. Foto: Dave Thompson / AP / NTB scanpix