Annonse

EU-domstolen: Marine Le Pen må betale tilbake nær 3 millionar kroner i EU-middel

EU-domstolen har fastslått at den franske ytre høgre-politikaren Marine Le Pen må betale tilbake nær 3 millionar kroner i EU-middel.

Avgjerda er i tråd med kravet frå EU-parlamentet frå 2016. Le Pen avviste kravet og anka saka til EU-domstolens første instans.

Le Pen er tidlegare presidentkandidat og leiar av partiet Nasjonal samling, som tidlegare heitte Nasjonal front.

Skuldingane går ut på at ho har misbrukt EU-middel som skulle brukast til å lønne ein medarbeidar i samband med arbeid ho utførte som EU-parlamentarikar. Pengane skal i staden ha gått til partiarbeid i Frankrike.

Tysdag kom EU-domstolen fram til at Le Pen må betale tilbake nær 300.000 euro, tilsvarande 2,84 millionar kroner, til EU-parlamentet, ifølgje avisa Le Monde.

Le Pen varslar at ho vil anke rettsavgjerda til ein høgare instans i EU-domstolen.

- Denne avgjerda er ikkje basert på innhaldet i saka, men på eit prosedyreaspekt. Vi kjem til å anke avgjerda, seier ho.

EU-domstolen meiner at Le Pen ikkje har greidd å bevise at medarbeidaren utførte noko som helst arbeid knytt til Le Pens rolle som EU-parlamentarikar.

Ifølgje ei kjelde i EU-parlamentet har ein allereie greidd å drive inn 60.000 euro ved å halde tilbake delar av lønninga hennar.

Le Pen var medlem av EU-parlamentet frå 2009 til 2017.

(©NPK)

Frankrikes ytre høgre-leiar Marine Le Pen fekk ikkje medhald i EU-domstolens første instans. Ho ankar saka til øvste instans. Foto: Laurent Cipriani / AP / NTB scanpix