Annonse

EU-toppane bestiller ny klimastrategi 

EUs leiarar vil ha på plass ein ny strategi for langsiktige kutt i utsleppa av klimagassar. 

Stats- og regjeringssjefane ber EU-kommisjonen om å legge fram eit forslag innan første kvartal neste år.

I den nye planen skal det leggjast ein strategi for langsiktige kutt i utsleppa av klimagassar. Strategien skal vere i samsvar med Parisavtalen, men den må også ta omsyn til nasjonale planar, fastslår stats- og regjeringssjefane i ei felles erklæring frå EU-toppmøtet i Brussel.

- Dette er eit viktig steg som vil sette hjula i gang for ei styrking av EUs klimamål, seier Wendel Trio, europadirektør for klima i organisasjonen Climate Action Network.

Han meiner EU må sette seg som mål å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader over førindustrielt nivå.

Parisavtalens mål er å avgrense oppvarminga til eit nivå mellom 1,5 og 2 grader.

(©NPK)