Annonse

EU vurderer å senda båtflyktningar til eigne mottak utanfor Europa

EU-leiarar vurderer å oppretta «regionale ilandstigingsplattformer» utanfor Europa for flyktningar og migrantar som blir plukka opp i Middelhavet.

Annonse

Det går fram av eit forslag til slutterklæring frå EU-toppmøtet i Brussel neste veke.

Forslaget blei nyleg distribuert ut til medlemslanda i EU. Teksten er ikkje offentleg, men ei rekkje medium i Brussel har fått tilgang til han, og avisa Politico har lagt dokumentet ut på nettet.

I forslagsteksten, som framleis kan bli endra, heiter det at stats- og regjeringssjefane støttar ideen om regionale ilandstigingsplattformer, og at konseptet no skal vidareutviklast i tett samarbeid med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og FNs migrasjonsbyrå (IOM).

«Slike plattformer bør gjer det mogleg med rask saksbehandling for å skilja mellom økonomiske migrantar og personar som har behov for internasjonalt vern, og redusera insentivet til å leggja ut på farefulle reiser», skriv EU vidare.

Tanken er at mottaka skal liggja utanfor EU, opplyser ein EU-diplomat ifølgje nyheitsbyrået DPA. På den måten skal EU kunne hindra at personar som prøver å ta seg over Middelhavet til Europa, men som ikkje har krav på vern, når fram til målet sitt.

Enkelte EU-medlemsland har allereie fronta liknande forslag.

(©NPK)