Annonse

EUs USA-toll trer i kraft fredag

Tolltiltaka EU har varsla som svar på USAs metall-toll, trer i kraft fredag.

Annonse

- Vi ønskte ikkje å vere i denne situasjonen. Men USAs einsidige og uberettiga vedtak om å innføre stål- og aluminiumstoll, betyr at vi ikkje har noko anna val, seier EUs handelskommissær Cecilia Malmström.

Gjengjeldingstollen som EUs medlemsland samrøystes har vedtatt å innføre, vil vere på 25 prosent og vil bli retta mot utvalde amerikanske produkt. Tollen vil omfatte fleire amerikanske produkt, som Harley Davidson-motorsyklar, Levis-bukser og whisky.

Lista blei forma ut allereie i mars då Trump kunngjorde at han ville innføre toll på 25 prosent på import av europeisk stål og 10 prosent på europeisk aluminium.

(©NPK)