Annonse

Everton har kjøpt tomt i vasskanten

Everton nærmar seg flytting frå Goodison Park. Merseyside-laget skal ha sikra seg ei tomt på hamna i Liverpool.

Ifølgje BBC har Everton komme til semje om å kjøpe ei tomt på Bramley Moore-docken, ikkje langt unna Liverpools bykjerne.

Everton flytta frå Anfield til Goodison i 1892. Dei blåkledde har vunne ni seriegull, men den siste kom i 1987.

Førre store tittel kom i 1995 då laget slo Manchester United i FA-cupfinalen. Klubben har i årevis vore på jakt etter eiga tomt for å byggje ei tidsriktig heimebane.

Nedslitne Goodison Park rommar 39.572 sete.

(©NPK)