Annonse

Everton stadfestar lån av Chelsea-spelar

Dagen etter at overgangsvindauget i engelsk fotball stengde stadfesta Everton at Kurt Zouma blir henta på eit sesonglangt lån frå Chelsea.

Annonse

Det stadfesta klubben på nettstaden sin fredag ettermiddag.

Midtstopparen blir den fjerde signeringa til manager Marco Silva i sommar.

Franske Zouma starta karrieren i St. Etienne, før han blei henta til Chelsea i 2014. Han brukte fjorårssesongen på lån i Stoke.

23-åringen har to landskampar for Frankrike.

Everton henta inn Bernard, André Gomes og Yerry Mina på den siste dagen i overgangsvindauget. Tidlegare i sommar blei også Lucas Digne, Joao Virginia og Richarlison klare for dei blå frå Liverpool som serieopnar borte mot Wolverhampton laurdag.

Zouma var den andre spelaren Chelsea sende på lån fredag. Spissen Michy Batshuayi er klar for Valencia.

(©NPK)

Everton-manager Marco Silva har forsterka laget kraftig den siste tida. Foto: Dave Howarth/PA via AP / NTB scanpix