Få endringar på skiskyttarlandslaget

Norges Skiskytterforbund gjer ingen endringar på elitelandslaga i skiskyting framfor den kommande OL-sesongen.

Den einaste forandringa i dei to laga tvinga seg fram sjølv. Veteranen Fanny Horn Birkeland opplyste under VM i Hochfilzen at ho ville avslutte karrieren ved sesongslutt. 29-åringen hadde ikkje motivasjon til å satse mot OL i Pyeongchang.

Birkeland blir ikkje erstatta på elitelandslaget for kvinner, som dermed består av seks løparar neste sesong.

Synnøve Solemdal fekk store delar av den nyleg avslutta sesongen øydelagt på grunn av sjukdom. Tingvoll-jenta gjekk berre eit fåtal verdscuprenn, men får likevel fornya tillit på landslaget.

Med seg på kvinnelaget har ho Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Ingrid Landmark Tandrevold, Kaia Wøien Nicolaisen og Hilde Fenne.

Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Henrik L'Abée-Lund, Lars Helge Birkeland og Erlend Bjøntegaard utgjer også neste sesong herrelaget.

Skiskyttarane har lagt ein sesong litt under forventningane bak seg. Under VM i Hochfilzen vart det ingen gullmedaljar.

(©NPK)